Bjørgs fotsone- og aromaterapi (Høyanger i Norway)

Här hittar du information om Bjørgs fotsone- og aromaterapi. Du kan eventuellt se öppettider, adress, karta, hemsida, telefonnummer och andra kontaktuppgifter. Den här platsen har visats 16 gånger och uppdaterades senast kl. 11:38 den 28 juli år 2021.

Logotype

Beskrivning

Eg heiter Bjørg Myklebust Rørvik. Eg er utdanna hjelpepleier og arbeider innanfor helse. I 1996 tok eg utdanning innen fotsoneterapi og øyreakupunktur. I 2007 var eg ferdig utdanna naturmedisinsk aromaterapaut. Eg har privat praksis i Roald Amundsens gt.4 i Høyanger, og har fleksibel åpningstid då eg kombinerer dette med jobb i helsesektoren.

I tillegg selger eg Aloe Vera produkt. Har ein del produkt på lager, og bestiller ellers inn etter ynkjer og behov. Dette er populære produkt.

Eg lagar òg til oljeblandinger med reine eteriske oljer etter behov f.eks: Energi, oppkvikkande, antistress, avslappande, søvn, forkjølelse osv. Desse kan brukast enten som kroppspleie, eller i badekar.

Selger også Roibos te - God og populær te.
Gåvekort.

Litt om dei forskjellige behandlingstilbuda:

Soneterapi:
Er ei fleire tusen år gamal behandlingsform. Den byggjer på heilhetsprinsippet: "Kropp og Psyke" i gjensidig balanse.
Soneterapi blir brukt som eit middel til å rette opp ubalanser
i kroppen og fokusere på kroppen som eit energikretsløp(livsenergi)

Føtene er delt inn i soner som gjenspeglar m.a. organa i kroppen. Når desse organa blir stimulerte ved bestemt trykkmassasje hjelper det kroppen til å helbrede seg sjølv. Behandling virker både utrensande, stimulerande og harmoniserande, og kan hjelpe mot bl.a: hovudverk/migrene, blære/nyreproblem, allergi/eksem, fordøyelseproblem, underlivsproblem, nakke, skulder, rygg, bekkenproblem, raumatisme, bihuleproblem, stress, spenninger, småbarnskolikk og sengevæting blant barn. Behandling kan og brukast forebyggande og/eller for velvære.
Soneterapi kan brukast ved dei fleste plager/sjukdomar og passar for alle menneske uansett alder.

Behandlingstid:
Ei behandling varer fra 45-60 minutt.
Antall behandling er avhengig av kor lenge ubalansen har vart, alder og allmenntilstand, samt kva det gjeld.

Reaksjonar som kan kome etter behandling:
Ei soneterapibehandling kan utløyse forskjellige reaksjonar.
Desse er ofte heilt individuelle og kan oppstå enten umiddelbart
eller lenger ute i behandlingsforløypet.
- trøtthet - djupare søvn.
- auka illeluktande vannlatning
- hovudpine og auka slimutskilling
- opblussing av gamle symptom
Desse reaksjonane er alle eit resultat av at organismen blir rensa
for forskjellige avfallsstoff. Det er alltså ikkje ei forverring av
allmenntilstanden, men snarare eit teikn på at bedring er på veg.


Aromaterapi:
Heil eller delvis kroppsmassasje med reine eteriske oljer.
Det kan vere for velvære, for å styrke og behvare helsa, og for å lindre mange små og store helseproblem.
Den klassiske aromaterapi massasjen består av:
- bindevevsmassasje
- lymfedrenasje
- klassisk massasje
- akupressur
Den virker forebyggande og er spesielt bra ved bl.a. stressrelaterte sjukdomar, hormonelle problem, reumatisme, veske opphopning, smerter i musklatur og ledd, angst og depresjon.

Reaksjonar som kan kome etter behandling:
- lett hovudpine
- hyppig vannlatning
- sterk lukt av urin og sveitte
- forbigåande trøtthet
- lett kvalme/svimmelhet
Dette kan vere symptom på kroppens utrensing og avgiftningsprosess.


Øyreakupunktur/auriculorterapi:
Er ei gamal behandlingsform, der ein behandlar med nåler eller trykk på øyret. Øyret er eit sonesystem som gjenspeglar heile kroppen. Kan godt kombinerast med soneterapi då desse behandlingsformer utfyller kvarandre, eller åleine som f.eks til røykeslutt eller slanking.

Øyrelysbehandling:
Varmebehandling i øyret som løyser opp øyrevoks, stimulerer
blodsirkulasjon og lader øyret med energi. Behandlinga gjev ein følelse av velvære og avslappning.
Kan nyttast til bl.a. behandling av mellomøyrebetennelse, bihule- betennelse, tinnitus/øyresus, menfers syndrom, trykkutlignings- problem, kløe og eksem i øyregangen, og fjerning av øyrevoks.


Kosveiledning:
Gjer kostveiledning når dette er behov for, eller ynskjeleg, gjerne i forbindelse med anna behandling.


Velkomen til alternativ behandling og velvære.

Address

Roald Amundsens gt 4.

6993 Høyanger

Norway

Kontaktuppgifter

Facebook

Telefon: 90961088

Karta

Kategorier

Massagesalong

Närliggande platser

SB VASK (57 m)
Nodus As (112 m)
Høyangerhallen (200 m)
Høyanger vgs Frisør 2014-2015 UB (213 m)
Høyanger vidaregåande skule - Skulebiblioteket (213 m)
Høyanger Skule (330 m)
6993 Leiligheter Høyanger (379 m)
Kjellerbula (379 m)
Høyanger Hotell (396 m)
Ungdomskafeen i Høyanger (398 m)

Närliggande orter

Høyanger (0,2956 km)
Kyrkjebø (11,5981 km)
Vadheim (13,5056 km)
Viksdalen (15,3962 km)
Skilbrei (16,9291 km)
Sande (19,0937 km)
Bjordal (21,3630 km)
Balestrand (23,9014 km)
Haukedalen (27,1764 km)
Guddal (28,6534 km)

Du kan föreslå förbättringar för denna plats, genom att lägga till / uppdatera beskrivning, adress, position, öppettider med mera. Du kan även begära att platsen tas bort från denna webbplats. Vill du föreslå förbättringar för denna plats eller begära radering? eller föreslå en ny plats?