Galleri Hagalid (Hjelmeland i Norway)
Här hittar du information om Galleri Hagalid. Du kan eventuellt se öppettider, adress, karta, hemsida, telefonnummer och andra kontaktuppgifter. Den här platsen har visats 61 gånger och uppdaterades senast kl. 11:37 den 28 juli år 2021.
Beskrivning
Galleri Hagalid, har 3 kunstutstillingar og kafe i året: vår - sommar - haust + førjulsope. Utstillingane er i dei restaurerte gardshusa Sofiehuset og Eldhuset samt i hagen nær gardstunet på Hagalid gard, høgt over Jøsenfjorden i Hjelmeland, Ryfylke. Her får du utsikt med innsikt! Spektakulær veg 10 minutt opp frå Hjelmeland sentrum
2018: Vårutstilling & kafe frå 17.3.-8.4. med to kunstnarar gjennom påska og fire helger: Gunn Lisbeth Gaarden, bilde og Karin Elisabeth Øvstedal, keramikkk. Kunsthandverk i Eldhuset. Opningsdagane: kl 12(13)-16, 4 helger + NB: i påskeveka onsdag t.o.m. måndag (2.påskedag).
Ta kontakt om du har særskilte behov, kanskje ting du før har sett i galleriet, me kan ha noko på lager! Gåvekort er alltid tilgjengeleg, ring eller send epost.
Alltid nytt i keramikk og glas i Eldhuset.
Imellom utstillingane: Grupper minst 8 personar med servering på andre tider og dagar på førehandsbestilling heile året. Firma, privat selskap, foreningar og lag inntil 40 personar.
Den store kollektive Sommarutstillinga med kafe går frå 16. juni - 26. august, på opne dagar kl 11-17.
Nye bildekunstnarar samt velkjente namn blir med. I 2017 var m.a. Annette Bryne, Jeannie Ozon-Høydal, Geir Nymark, Kristian Finborud, Ivar Haugen, Gunn Lisbet Gaarden og Hilde Thomsen med.
Kafe (sjølvbetening) med varm mat kvar helg heile sommaren: kraftig suppe med himabakt brød & smør (et så mykje ein vil) og kaffimat. Gratis inngong.
Under Sommarutstillinga er det og godt utval av smykke, klede og vesker/belter frå anerkjende norske kunsthandverkarar mm i Sofiehuset. I hagen finst det keramikkskulpturar.
Ekstra arrangement med kunsthandverkar i juli.
Haustutstilling 4 helger 29. september - 21. oktober. I det vakkert restaurerte og påbygde Sofiehuset er det då mest bilde og servering, i Eldhuset: keramikk og blåst glas, alt til sals.
Førjulshelg 23. - 25. november.
Fleire arrangement skjer ofte under utstillingane: kåseri, og presentasjonar av kunstnarar og kunsthandverkarar.
Vert og gallerist Hanne Sundbø er alltid på plass for å fortelja om de har lyst å høyra. Ho kan fortelja om Hagalid, kunsten eller mat og råvarer og høyra kva du elles ønskjer
Under utstillingane på opningsdagane: Vaflar, småbakst, kaffi/te, is, Grønvik eplemost, varm sjokolade alle opningsdagar. Skjenkerett for øl (lokalt), Hardangersider og vin. Lunsj/middag: Kraftig suppe med himabakt brød, flatbrød & smør kvar laurdag og sundag (slowfood).
Betaling: kontant eller kort.
Gruppertilbod heile året: Møte, seminar, kundetreff? Fødselsdag og jubileum? Feire bestemor? Mimrekveld med jobben? Sommaravslutning? Forskjellige aktivitetar og guida rusletur ute legg me opp ved ønskje.
Gratis parkering for gallerigjester.
Address
Hagalidvegen 463
4130 Hjelmeland
Norway
Kontaktuppgifter
Telefon: 982 19 973 - 51 75 06 83
Karta
Kategorier
Café
Restaurang
Närliggande platser
Hjelmeland hightschool (2 805 m)Spar Hjelmeland (2 830 m)
Spa-hotell Velvære Hjelmeland (3 040 m)
Hjelmeland SPA Hotell Velvære (3 058 m)
Hjelmeland Spa og Velvære (3 068 m)
Hjelmeland Hostel, 4130 Hjelmeland, Norway (3 230 m)
Hjelmeland Hallen (3 371 m)
Kniv & Gaffel (3 664 m)
Buhagen (4 809 m)
Sterling White Halibut (6 745 m)
Närliggande orter
Hjelmeland (3,1958 km)Skiftun (4,0913 km)
Erfjord (11,1652 km)
Fister (11,2796 km)
Ombo (11,7669 km)
Årdal (12,4300 km)
Jelsa (13,7484 km)
Foldøy (15,4890 km)
Skartveit (15,6841 km)
Jøsenfjorden (15,8000 km)
Du kan föreslå förbättringar för denna plats, genom att lägga till / uppdatera beskrivning, adress, position, öppettider med mera. Du kan även begära att platsen tas bort från denna webbplats. Vill du föreslå förbättringar för denna plats eller begära radering? eller föreslå en ny plats?